Piano
I undervisninga på piano/tangentinstrument får elevane grunnleggjande notekunnskap.
Det vert lagt vekt på at elevane skal bli flinke notelesarar og at dei og skal få ei innføring i musikkteori.
Elevane vil læra både klassisk musikk og populære melodiar, men og speling etter besifring.
Piano er først og fremst eit soloinstrument, men er og anvendeleg til samspel og til allsong.
Å spele piano vil gje elevane nytte og glede i oppveksten, både for seg sjølve og i lokalmiljøet.
Piano kan du byrja på det året du fyller 8 år.
Pianoelevar må ha piano til øving.
Det kan anten vere eit elektrisk piano (el-piano) eller eit akustisk piano.
Det er mogleg å leie el-piano på kulturskulen.
Det kan anten vere eit elektrisk piano (el-piano) eller eit akustisk piano.
Det er mogleg å leie el-piano på kulturskulen.
Me gjer merksam på at det på piano er lange ventelister ( 1 år)
Undervisningsstad
Her kan du søke om elevplass