Sang, stemmebruk og sangteknikk
For elevar frå 3. klasse
Undervisninga vert gitt individuelt. Når det høver, vil ein prøva å laga samspelgrupper, songgrupper.
Målet er at elevane skal få ei grundig opplæring i songteknikk og kjennskap til ulike musikalske stilartar. Det songtekniske utgangspunktet er grunnteknikken i den klassiske bel canto-tradisjonen Det er eit ønske at elevane i løpet av eit år skal kunna smaka på fleire sjangrar, og at dei skal trena seg på å framføra ting for eit publikum både som solistar og i ensemble, på konsertar og i sceniske produksjonar.
Me ønskjer å skapa eit trygt og inkluderande miljø der elevane kjenner samhald, der dei deler positive opplevingar og kjenner glede i å utvikla seg sjølv og kvarandre. Songseksjonen samarbeider med songmiljøa i kulturskulane til nabokommunane og dei andre instrumentseksjonane i Klepp kulturskule. Undervisninga består av éin vekevis songtime med songlærar + fellesøvingar med dei andre songarane/instrumentalistar i samband med konsertar og prosjekt.

Undervisningsstad
Her kan du søke om elevplass