Skip to main content

Musikkterapi - individuell undervisning

Musikkterapi tar utgangspunkt i evna musikken har til å skapa kommunikasjon og kontakt og er spesielt retta mot elevar som treng tilrettelagde musikkaktivitetar.

Aldersgrense: frå 6 år

Eksempler på innhald i undervisninga:
samspill og song
improvisasjon
opplæring på instrument
ulike tilrettelagde musikkaktivitetar.

Ein musikkterapeut bruker musikk som eit verktøy for å skapa positiv forandring og bidra til betre helse. Spesifikke mål varierer og blir definerte i forhold til den enkeltes behov. Musikkterapeuten ønsker å få til eit samspill der eleven sjølv er aktivt deltakande med utgangspunkt i eleven sine ressursar og sterke sider.

Undervisningsstad:
Klepp kulturskule
Her kan du søke om elevplass