Serviceerklæring
Kulturskulen gir eit opplæringstilbod som skal pregast av kvalitet, glede og variasjon tilpassa den enkelte eleven.
Kulturskulen underviser både individuelt og i grupper. Gruppeleksjonar i musikk utgjer minst 30 minutts undervisning per veke, medan individuell undervisning utgjer minst 20 minutt per veke.
Skulen oppmuntrar instrumentalelever til å delta i samspill, der det er naturleg. I
periodar kan den individuelle undervisninga organiserast i grupper.
Personalet i kulturskulen ønsker å ha eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar om opplæringa.
Elevar og føresette vil få årsplanar som viser kommande aktiviteter.
I løpet av skuleåret blir det gitt tilbod om utviklingssamtale mellom elev/føresette og faglærar.
I gruppefag som dans, drama og billedkunst får føresette moglegheit å følgja ei undervisningsøkt, og dessutan ein individuell samtale ved behov.
Som ein naturleg del av det å vera kulturskulelelev vil alle elevar få tilbod om å medverka på konsert, framsyning eller utstilling.
I løpet av skuleåret blir det gjennomført ei eller fleire prosjektveker. Prosjektveker kan erstatta ordinær undervisning i løpet av ei veke.
Ved avlysning av undervisning blir føresette/elev varsla via SMS til oppgitt mobilnummer.