Heimel: Fastsett av kommunestyret 16.12.2024 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa
og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-7.
Forskrifta gjeld alle elevar i Kleppskulen når skulen har ansvar for elevane. Forskrifta gjeld
også for skulefritidsordninga og når elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt
område, som til dømes ved ekskursjonar, overnattingsturar og leirskule.
Skulereglane gjeld også utanfor skuletida i dei tilfella der åtferda til elevane har tilstrekkeleg
tilknyting til eller set sitt preg på skulen, blant anna situasjonar der elevane si åtferd på fritida
fører til at andre ikkje har det trygt og godt på skulen.