Alle som ønsker å få undervisning på kulturskulen må søkje via våre websider.
SpeedAdmin er skulen sitt system for elevadministrasjon. Ved søknad om elevplass får søkjar eige brukarnamn og passord for innlogging. Det er også mogleg å bruke MinID.
Brukaren er ansvarleg for å sikre at all kontaktinformasjon i SpeedAdmin er korrekt og oppdatert til ei kvar tid. Dette gjeld også ventelister.
Alle barn og unge (0 - 19) år som er busett i Klepp kommune kan søkje opptak i kulturskolen. Vaksne kan få plass viss det ikkje er venteliste.
Om du ikkje får plass vil du stå på venteliste, og vil kunne få plass dersom det vert ledig.
NB! Dersom du har søkt og ikkje fått plass i løpet av skuleåret, må du re-registrere(bekrefta) søknaden din til kommande år!
Me tek imot søknadar gjennom heile året.
Hovudkriterium for opptak er søkedato. Opptak i løpet av året vil også avhenge av kva slags plassar som blir ledige og eventuelt alder på dei ein er i gruppe med.
Nye elevar har ein gratis prøvetime, og viss plassen ikkje blir behalden må skriftleg utmelding vera mottatt av kulturskulen innan 3 dagar etter prøvetimen.